FN lanserar internasjonalt år for å setje fokus på global sanitærkrise

0
659

FN sette forrige veke i gang det Internasjonale Året for Sanitære Tilhøve for å framskunde dei naudsynte endringane som må til for å hjelpe for dei 2.6 milliardar menneske rundt om i verda som ikkje har tilgang til grunnleggjande sanitære tilhøve.

Under talen sin på den offisielle lanseringa på FN sitt hovudkvarter sa FN sin generalsekretær Ban Ki-moon at tilgang til sanitære forhold er eit av dei mest ”oversette og udekka menneskelege behov.”

Internasjonale tiltak for å dekke denne grunnleggjande retten har vist seg å vere lite vellukka. Rundt 42 000 menneske døyr kvar veke grunna sjukdom som fylgje av låg vasskvalitet og mangel på tilfredsstillande sanitære tilhøve. ”Situasjonen er uakseptabel.”

Generalsekretæren understreka at investering i sanitære forhold er eit av dei viktigaste områda statar kan investere i. ”For kvar dollar brukt på å betre sanitære tilhøve vert det berekna at minst ni dollar er vert spart i samband med helse, utdanning, og sosial og økonomisk utvikling.”

Han oppmoda det internasjonale samfunnet, nasjonale regjeringar og det sivile samfunn om å ta tak i problemet for å framskunde framgangen mot den globale målsetnaden om å halvere talet menneske utan tilgang til grunnleggjande sanitære tilhøve innan 2015 – eitt av tusenårsmåla.

Det internasjonale året vil omfatte regionale konferansar om sanitet, inkludert ein konferanse som men fokus på skulesanitet. Året vil også oppmode offentlege og private partnerskap til å sikre reelle endringar.

Les meir om det internasjonale året her.