FN lanserar PreventionWeb

0
767

PrenventionWeb er ei ny informasjonsteneste for auka kunnskap om risikoreduksjon ved katastrofar.

For fyrste gong vil ei webside kunne tilby eit felles verkty for spesialistar og ikkje-spesialistar som er interesserte i, eller arbeider med risikoreduksjon. Websida vil gjere det mogeleg å knytast saman, utveksle erfaringar og dele informasjon. Websida er FN sin internasjonale strategi for katastrofereduksjon (DDR) sitt prosjekt.

PreventionWeb vil nytte informasjon frå DDR og deira samarbeidspartnerar og vil omfatte nyhende om risikoreduksjon ved katastrofar, landsrapportar, publikasjonar, faktaark m.m.

Gå til PreventionWeb her.