”Det som vert skapt her i Valencia vil vere guiden som kvar og ein av dei mange tusen delegatane som kjem til å ta del i den avgjerande klimakonferansen på Bali vil pakke i kofferten og ha i baklomma,” sa leiaren i FN sitt klimaprogram (UNEP) då han innleia konferansen i Valencia. FN sin generalsekretær Ban Ki-moon vil vere til stades under lanseringa av Fourth Assessment Report på laurdag. Forrige helg vart Ban den fyrste av FN sine generalsekretærar til å vitje Antarktis, der han med eigne auge observerte korleis klimaendringar innverkar på den arktiske naturen. Les meir om UNEP her. |