FN-rapport: Færre smittast av HIV, men fleire tusen døyr kvart år

0
599

Ein ny rapport frå FN-organet UNAIDS og Verdshelseorganisasjonen WHO viser at rundt 33 millionar menneske no lever med HIV. I fjor var talet oppe i 39,5 millionar. Nedgangen vert begrunna med meir nøyaktig informasjonsinnsamling og analyse.

Ingen væpna konflikt kjem i nærleiken av talet offer som vert utsette for AIDS-epedimien. AIDS er ei av dei fremste dødsårsakene globalt, og er den største dødsårsaka på det afrikanske kontinent.

Rapporten kjem også med meir positive nyhende, m.a. viser rapporten at i område sør for Sahara har auken av talet som vert smitta gått ned noko, og dødlegheita har minka – delvis grunna auka distrubisjon av medisinar.

-Utan tvil byrjar vi no å sjå resultat av det arbeidet vi gjer – talet på nye HIV-smitta og menneske som døyr grunna viruset har gått ned. Men med meir enn 6800 nye smittetilfelle og over 5700 dødsfall kvar dag grunna viruset må vi trappe opp innsatsen vår for at vi skal klara å redusere innverknaden av AIDS på verdsbasis, uttalte direktør i UNAIDS Peter Piot.

Les rapporten her.