FN trappar opp stønad til Oslo-prosessen

0
642

– ber om umiddelbar handling for å få eit internasjonalt forbod mot klaseammunisjon.

Torsdag 18. oktober vart det helde ei utgreeing om Oslo-prosessen i samband med FN sin 1. komité i New York. Meir enn 60 land var til stades under utgreiinga, saman med et fleire FN-organisasjonar.

Møtet vart leia av Austerrike og Peru, saman med UNDP og UNMAS. Begge organisasjonene tok opp att  FN og Generalsekretæren si sterke støtte til Oslo prosessen og behovet for umiddelbar handling for å få et internasjonalt forbud mot klasebomber. Dei understreka vidare at FN  vil ta del i Oslo-prosessen , og at ein eventuell prosess  i CCW vil vere komplementær og ikkje eit alternativ. 

I tillegg til den sterke verbale støtta er FN aktivt involvert i Oslo-prosessen m.a. gjennom å bidra med sin kapasitet og kompetanse som humanitær aktør med brei felterfaring. UNDP bidreg gjennom landkontora sine med organisatorisk bistand til møta og konferansane , m.a. gjennom eit sponsorship-program  for å sikre brei og relevant deltaking. FN sitt ute-apparat er også mobilisert for å samle støtte til eit forbod mot bruk av klasevåpen. 

Om lag 90 land har no signalisert støtte til prosessen som har som målsetjing å få eit internasjonalt forbod mot bruk av klaseammunisjon innan utgangen av 2008.

(Kjelde: regjeringen.no)