Generalsekretæren sin bodskap på FN-dagen

0
627
Verda er i endring, i FN sin retning – ettersom fleire menneske og regjeringar forstår at multilateralisme er den einaste vegen framover for den samanknytte og globaliserte verda vår. Globale problem krever globale løysingar – og å gå vegen åleine er ikkje eit alternativ. Om vi snakkar om fred og tryggleik, utvikling eller menneskerettar; krava som vert stilte til organisasjonen vår aukar kvar dag.

Eg er fast bestemt på å sikre framgang i dei viktige sakene i vår tid, ved å byggje på det vi allereie har oppnådd, gjennom samarbeid med medlemsland og sivilt samfunn. Dette betyr ei styrking av FN si rolle i konfliktførebyggjing, fredsskaping, fredsbevaring og fredsbyggjing. Og det betyr ei forsterking av arbeidet vårt for nedrusting og ikkje-spreiing.

Samstundes må vi doble innsatsen vår for å nå tusenårsmåla, særskilt i Afrika. Eg vil freiste å mobilisere politisk vilje og å halde leiarar ansvarlege for lovnadane deira innan bistand, handel og gjeldssletting.

Eg vil også fortsetje å gjere alt eg kan for å få i gang global og avgjerande handling mot klimaendringar. FN er det naurlege forumet for å byggje konsensus på dette viktige området, som vi såg på høgnivå-møtet som vart organisert for ein månad sidan, i samband med generalforsamlinga. Dei mange leiarane som deltok sende ein klar bodskap til Bali- forhandlingane i desember under FN sin rammeverkskonvensjon om klimaendringar: Vi kan ikkje berre fortsette som før, og vi må byggje momentum på tvers av industri- og
utviklingsland for å sikre resultat. Å verne klimaet for noverande og framtidige generasjonar er i vår felles interesse.

Dersom tryggleik og utvikling er to av grunnpilararane i FN-systemet, er menneskerettar den tredje. Eg vil arbeide med medlemsland og det sivile samfunn for å oversetje ’ansvar for tryggjing’ frå ord til handling, for å sikre handling i tide når befolkingar vert trua av folkemord, etnisk rensing eller forbrytingar mot menneskeætta.

Sist men ikkje minst må vi endre FN sjølv. Vi må tilpasse oss nye behov, og sikre høgast mogeleg standard innan etikk, integritet og legitimitet, for å demonstrere at vi er fullstendig ansvarlege for alle medlemsland og menneske rundt om i verda.

Vi vil verte dømde i framtida handlingane våre i dag, og dei resultata vi når. På denne FN-dagen, lat oss igjen dedikere oss til å nå desse.