Konferanse om klimaendringar opnar på Bali

0
645
Med representantar frå meir enn 180 land, i tillegg til observatørar frå mellomstatlege og frivillige organisasjonar og media, opna den 13. av FN sine konferansar om klimaendringar måndag 3. desember på Bali, Indonesia. Konferansen kjem til å halde fram til 14. desember.

I ei uformell oppdatering til generalforsamlinga i slutten av november, viste FN sin generalsekretær Ban Ki-moon til den nyleg utgidde rapporten frå FN sitt klimapanel og uttalte at ”vitskapen har sagt sitt, klårt og med èi stemme.”

På Bali håpar generalsekretæren at ”Styresmakter no vil gjere det same. Vi håpar at styresmakter kan kome til semje om eit vegkart for forhandlingar som vil sikre ein ny avtale om klimaendringar innan 2009. Denne datoen er viktig for å sikre kontinuitet etter 2012, når den noverande avtalen utgår. Like viktig vert det å ta hensyn til alvoret i denne situasjonen, som også vart understreka av FN sitt klimapanel." 

Hovudmåla med klimakonferansen på Bali er å få i gang forhandlingar om ein klimaavtale for tidsperioden etter 2012, sette dagsordenen for desse forhandlingane, og samstundes kome til semje om når desse forhandlingane skal avsluttast.

Les meir om arbeidet til FN sitt klimapanel her.