Ny rapport frå FN: Økonomisk vekst i utviklingslanda

0
662

Den økonomiske situasjonen for utviklingslanda er no positiv for fyrste gong sidan tidleg på syttitalet, ifølge den årleg rapporten frå FNs konferanse for handel og utvikling (UNCTAD).

Sjølv om det i stor grad er den økonomiske veksten i Kina og India som trekkjer resultatet opp, har utviklingslanda, inkludert mange av dei fattigaste landa i verda, byrja å tene på den aukande etterspurnaden av råvarer. Denne veksten har sidan 2003 gjeve god grobotn for investeringar i eige land, seier Trade and Development report 2007.

Auke i BNP
BNP pr innbyggjar i u-land har auka nesten 30 % frå 2003 til 2007, samanlikna med 10 % auke i G-7 landa (rike, industrialiserte land). I det heile har verdsøkonomien hatt ein vekst for femte år på rad med 3.4 %, seier rapporten.

I transitøkonomi-land i Sørøst Europa og stater frå det tidlegare Sovjet har inntekt pr innbyggjar auka med nesten 75 % sidan byrjinga av 2000, men dette kom etter ein så stor depresjon at BNP pr innbyggjar framleis er godt under nivået frå 1989.

Sjølv om det no er ein god postiv trend, er den relative skilnaden i levestandard mellom u-land og i-land framleis enorm. I 1980 var inntekt pr innbyggjar 23 gonger høgare i i-land enn i u-land. I 2007 har skilnaden minka til 18 gonger. Det meste av denne reduksjonen er likevel basert på den raske øknomiske veksten i Sør-Asia. For Afrika, Latin-Amerika og Vest-Asia og andre transit-økonomiland, er den relative skilnaden større i 2007 enn den var i 1980.

Afrika er forventa å fortsetje sin økonomiske vekst rundt 6 % i 2007, mens Latin-Amerika og Vest-Asia vil sakke ut til rundt 5 %. Veksten i alle desse regionane over dei siste fem åra gjer at håpet om at ein kan nå Tusenårsmåla aukar, sjølv om enkeltland særleg sør for Sahara enno ikkje har ein vekst i inntekt pr innbyggjar som kan stå til den reduksjonen av fattigdomen vi ynskjer. Tusenårsmålet er å halvere antal menneske som lever for mindre enn ein dollar dagen innan 2015

Hindringar
Rapporten seier òg at ei nedgang i økonomien i USA kan føre til minka eksport for Kina og India, noko som igjen kan føre til mindre vekst, sidan dei dreg opp resultatet for utviklingslanda. I tillegg set rapporten søkelys på at bistand, frihandelsavtalar, og særskilde handelsavtalar med enkelte land og regionar, kan hindre fattige land frå å utvikle sine eigne industrisektorar og hindre dei i å ha kontroll med investeringar i utlandet.

Løysingar
Istadenfor bør ein sjå på eksempla av land som har hatt rekordstor vekst dei siste åra, nettopp gjennom å verne sin veksande industri og såleis verte meir konkurransedyktige på det internasjonale marknaden. Ein må òg sjå på ordningar med regionale valutakurs- samarbeid for å minske sårbarheita til utviklingslanda, seier rapporten. Regionale samarbeid kan òg vere ein fordel når det gjeld utvikling over lang tid, då det kan hjelpe landa å stå sterkare i det globale markedet. Slikt politisk samarbeid bør innehalde både makroøknomi, finanser, infrastruktur og industriutvikling dersom landa skal auke veksten sin og utnytte sine potensiale, konkluderer rapporten.

Oversatt og skrive av Venke Uglenes, FN-sambandet