Ban Ki-moon vitjar Sudan

0
712

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon ankom Sudan måndag denne veka for å observere den noverande situasjonen i det krigsherja Darfur-området. Ban Ki-moon si vitjing finn stad berre veker etter at FN sitt tryggleiksråd vedtok å sende fredsstyrkar til Darfur.

”Eg ynskjer å observere situasjonen til dei menneska vi prøver å hjelpe, og samstudes sjå kva tilhøve soldatane vi sender vil måtte jobbe under”, sa Ban Ki-moon då han ankom Khartoum, hovudstaden i Sudan.

I ein tale generalsekretæren holdt for FN-sambandet i Sudan måndag morgon, gjorde han greie for årsaka til vitjinga, som også inkluderar stopp i Chad og Libya. Han understreka at han no ynskjer å halde fast ved dei framstega som har funne stad i den siste tida. Ban Ki-moon uttalte også at han ynskjer å styrke arbeidet mot ei langvarig politisk løysing. ”Eg ynskjer å sjå ein ny og avgjerande runde med fredsforhandlingar så snart som mogeleg”, sa generalsekretæren.

Under vitjinga vil generalsekretæren m.a. møte president Omar al-Bashir, fyrste visepresident Salva Kiir, samt representantar frå opposisjonen.

Ban Ki-moon understreka at ei varig løysing på konflikta i Darfur krev langvarig økonomisk utvikling, samt løysingar som tek omsyn til dei underliggjande årsakene til konflikta. Sudan kjem til å trenge omfattande økonomisk støtte for å byggje opp at landet. Generalsekretæren la også vekt på at menneskerettar, og rettferd, må stå sentralt i fredsprosessen.