Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale toleransedagen

0
665
I 1995, då UNESCO kunngjorde at 16. november skal vere den årlege internasjonale dagen for toleranse, viste dei til 16 avtalar, erklæringar, konvensjonar og anbefalingar, alle relatert til behovet for toleranse. Alle desse er fortsatt relevante i dag, og enno er ingen av dei fullstendig etterfulgde.

Verda vår i dag står ovanfor krig, terrorisme, forbrytingar mot menneskeætta, etnisk reinsing, diskriminering av minoritetar og migrantar, og ei rekkje andre typar misbruk av menneske. Sjølv om globalisering er med på å knyte verda vår tettare saman, kan globaliseringa også føre til større frykt, og det at vi vender oss innover. Veksten av skremmande trugsmål mot livet til planeten vår fører også til at mogelegheita for uro og intoleranse aukar.
 
Vi veit korleis vi kan kjempe mot desse trugsmåla. Vi veit at dei beste våpna våre er kulturelt mangfald, arbeid for bærekraftig utvikling, og utdanning for toleranse og fred. Vi veit at vårt mest kraftfulle vern er eit sterkt sivilt samfunn som er oppmerksamt mot menneskerettar, og eit fritt og ansvarsmedvite media

Men vi veit også at dei grunnleggjande agentane for endring er statane som underteiknar internasjonale konvensjonar og avtalar. Politikken som vert iverksett er deira ansvar, sjølv om det internasjonale samfunnet er pliktig til å hjelpe dei.

I dag har vi høve til å minne statsleiarar om skyldnadane og pliktene deira. Imperativet for toleranse er heilt klart for oss alle, men viljen må vere sterkare. Når vi no feirar denne internasjonale toleransedagen, lat oss hugse på at arbeidet vårt byrjar igjen i morgon.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.

UN Photo/Mark Garten