GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE FREDSDAGEN

0
791

New York, 21.september 2006

Kjære vener,

For nokon av oss er fred ein dagleg realitet. Gatene våre er trygge; borna våre går på skulen. Dei verdfulle gåvene frå fred kan nesten gå umerka hen der samfunnssamansetninga er sterk.

Men for altfor mange folk i verda idag er desse gåvene berre ein flyktig draum. Dei bur i lenkjer: eit klima av utryggleik og frykt. Det er først og fremst for desse at denne dagen er til.

For tjuefem år sidan kunngjorde generalforsamlinga den internasjonale fredsdagen som ein dag for global våpenkvile og ikkje-vald. Dei sameina nasjonane har sidan markert denne dagen. Den er meint for ikkje berre å få folk til å tenkje på fred, men å gjere noko for det.

Likevel forset vald å krevje uskuldige liv, på denne dagen så vel som dei andre 364. Og i dei siste par vekene har vi vore vitne til nye tragiske opptrappingar av konfliktar i fleire delar av verda.

Dei sameina nasjonane arbeider for fred på mange måtar. Vi gjer kva vi kan for å hindre vidare blodsøl. Og vi har hatt enkelte suksessar.

Land gjev meir merksemd til førebyggjande diplomati. FN sine fredstryggjande operasjonar – og våre innsatsar for å støtte demokrati og framme menneskerettar – utgjer ein skilnad. Og individuelle borgarar overalt, kvinner og menn i kvart enkelt samfunn, arbeider for å lindre liding, og byggje bruer mellom folk frå ulike trusretningar eller kulturar.

Faktisk finst det mindre krigar idag enn i tidlegare tiår. Men framleis altfor mange.
Kvart enkelt offer i ein konflikt er ei forsømming, som minnar oss på at det framleis er mykje å gjere.

I krafta av dette, ber eg alle menneske overalt å markere eit minutt stille, i namnet av fred. La oss minnast krigsoffera. Og la kvar av oss love å utrette meir, kvar enn vi kan utgjere ein skilnad, for å oppnå varig fred.