Historisk reduksjon i småbarnsdødsraten

0
654

Verda har no nådd ein viktig milestolpe m.o.t. reduksjon i småbarnsdødsraten. For fyrste gong i historien er det no mindre en 10 millionar born som døyr før dei fyller fem år.

Nye tal frå UNICEF viser at småbarnsdødsraten har gått ned frå 13 millionar i 1990 til rekordlåge 9,7 millionar i året. Desse tala viser at det er framgang i arbeidet mot tusenårsmåla. Om vi klarar å nå mål nummer fire, å redusere småbarnsdødsraten med to tredjedelar innan 2015, vil dødsraten reduserast med 5,4 millionar til.

Leiar i UNICEF, Ann M. Veneman, kalla tala ”historiske”, men understreka også at vi fortsatt har langt å gå. ”Det er fortsatt uakseptabelt at 9,7 millionar born døyr kvart år,” sa Veneman. ”Dei fleste av desse dødsfalla kan førebyggjast, og som framgangen viser, har vi lukkast i å finne løysingar hittil.”

Mykje av framgangen skuldast omfattande helseopplysing og helsetenester, frå råd om amming, vaksinasjonar, og myggnett for å hindre malaria. Behandling av lungebetennelse, diarésjukdomar, feilernæring og HIV/AIDS hjå born er også viktig i arbeidet mot barnedød. God hygiene og tilgang til reint vatn spelar også ei viktig rolle.

Les meir om tusenårsmål nummer fire her.