UN Foundation gir ein dollar for kvar underskrift i UNICEF-kampanje

0
643

UN Foundation har annonsert at dei ynskjer å støtte opp om UNICEF sin ”Sei NEI til vald mot kvinner”-kampanje. Dei vil bidra med ein dollar for kvar av dei 100 000 fyrste underskriftene på heimesida til kampanjen. Inntektene vil gå til UNIFEM sitt UN Trust Fund to End Violence against Women.

“Nyare tal frå FN viser tydeleg det skammelege omfanget av vald mot kvinner rundt om i verda, der ei av tre kvinner er offer for ei eller anna form for tvang eller misbruk i løpet av livet,” sa Timothy E. Wirth, leiar i UN foundation. ”For å snu denne utviklinga må det internasjonale samfunn samarbeide i kampen for kvinner sine menneskerettar. Det er akkurat dette UNIFEM sin kampanje gjer. Den gjer det mogeleg for menneske overalt å kjempe for ei verd utan vald mot kvinner.”

Takka vere dette fantastiske tilskotet, vil kvar underskrift styrke arbeidet vårt for å gjere kampen mot vald mot kvinner til ein topprioritet” sa UNIFEM sin goodwill-ambassadør Nicole Kidman som er ein forkjempar for denne kampanjen. ”Dette vil bidra med naudsynte ressursar til lokale initativ som vert finansiert av UN Trust Fund to End Violence against Women – enten det er arbeid for å hindre trafficking, stønad for kvinner som har vorte utsette for vald i heimen, eller hjelp i arbeidet med å implementere lover mot valdtekt.”

Du kan skrive under på kampanjen her: www.sayNOtoviolence.org.

Les meir om UN foundation her.