FN sitt folkesetnadsfond har gitt ut ein ny rapport om tenåringsgraviditetar og unge mødre. Rapporten “Giving Girls Today and Tomorrow: Breaking the cycle of adolescent pregnancy” – ser på graviditet blant gifte og ugifte jenter. I fylgje rapporten er tidleg graviditet den største dødsårsaka blant tenåringsjenter. Rapporten påpeikar at dei sosiale og økonomiske fylgjene ikkje berre rammar jentene, men også familar og heile samfunn.