George Clooney ny fredsbodbringar for FN

0
643
Den amerikanske skodespelaren, regissøren og menneskerettsaktivisten George Clooney har vorte utnemnd som fredsbodbringar av FN sin generalsekretær Ban Ki-moon.

George Clooney vil slutte seg saman med åtte andre fredsbodbringarar som alle arbeider for FN med å fremje fred. Fredsbodbringarane hjelper FN med å setje søkjelys på arbeidet deira for å betre liva til millionar av menneske verda rundt. Clooney har vorte anerkjent for arbeidet sitt med å auke medvit om internasjonale politiske og sosiale spørsmål.

”Du vitna med eigne auge den smerten krigsoffer føler, og du har gjort det til di oppgåve å hjelpe til med å ende vald og menneskeleg liding” sa Ban, som rosa Clooney sitt ”engasjement for å auke medvit og mobilisere handling i Darfur.”

Clooney har vore aktiv i arbeidet for å få ein ende på krisesituasjonen i Darfur, der meir enn 200 000 menneske har vorte drepne og 2,2 millionar menneske har vorte tvungne til å flykte frå heimane sine sidan kamphandlingane mellom styresmakter og opprørsgrupper byrja i 2003. Ein felles FN/AU-fredsoperasjon vart nyleg utplassert i eit forsøk på å stogge valden i regionen.

”Eg er svært beæra for å motta denne utnemninga,” sa Cloonely. ”Eg ser fram til å arbeide med FN for å byggje opp almenn støtte for det viktige arbeidet dei gjer i nokre av dei vanskelegaste, farlegaste og mest truande regionane i verda.”

I 2006 vitja Clooney Darfur saman med faren sin. Han vitja også Kina og Egypt. Same året tala han saman med fredsbodbringar, nobelvinnar og holocaust-overlevande Elie Wiesel, til FN sitt tryggleiksråd på eit ”Arria formula”-møte, der ikkje-statlege aktørar kan tale til tryggleiksrådet utanom offisielle sesjonar.

Clooney stod i fjor for dokumentaren ”Sand and Sorrow”, som fyl aktivistar som vitjar flyktningleirar langs grensa mellom Sudan og Chad.

I april 2007 etablerte Clooney saman med andre leiande personar frå den amerikanske filmindustrien ”Not on our Watch”, ein organisasjon der innflytelsesrike menneske innanfor kunsten set søkjelys på masseugjerningar rundt om i verda.

Clooney vil motta utnemninga på ein seremoni på FN sitt hovudkvarter i New York den 31. januar.